Betre arrangement #1 - GDPR

Teikning med matvarer, spørsmålsteikn og teksten: "GDPR"

Samlar du inn informasjon om matallergiar til gjestane dine? Då er du fort ute i strengt regulert lovverk. I denne korte artikkelen får du eit par «do’s and don’ts», slik at du kan lage eit betre arrangement.



Matallergiar sorterer under helseopplysingar og er kategorisert som sensitive personopplysninger - også kalla særlige kategorier i lova. Regelverket rundt dette er langt strengare enn t.d. ei epostadresse på avvege, og i utgangspunktet ulovlig å behandle etter GDPR.

Dersom ein arrangerer ein konferanse eller kurs med matservering, trenger likevel kjøkenet ei oversikt over matallergiar. Hugs då at allergiar, altså helseopplysningar, er av sensitiv karakter og innebærer at ein må være ekstra varsom med oppbevaringstid og sikker lagring. I tillegg krevast samtykke frå den det gjelder.


«Do’s and don’ts»

Eit dårleg døme er å nytte Google-skjema til påmelding, kanskje oppretta på ein privat konto, utan sletting av informasjonen etter arrangementet.

Eit betre alternativ er å nytte Checkin til påmeldinga! Då kan du trygt samle inn nødvendig informasjon og samtykke, og samstundes velje dato for sletting av data. Slik varetek du personvernet til kunden. Slik lagar du eit betre arrangement!

Hending nyttar Checkin til påmelding og billettsal til ei rekke av våre kundar, mellom anna Heilekonferansen, Jølster Aurefest og Sunnfjord U40. Les meir om behandling av personopplysingar på checkin.no


Merk at Hending AS ikkje er ansvarleg for innhaldet i denne artikkelen. Er du i tvil om gjeldande regelverk knytt til GDPR eller anna, ta kontakt med godkjent advokat eller oppsøk anna juridisk hjelp.

Previous
Previous

Betre arrangement #2 - Konferansier